Ubehaget eller vegringa kan syne seg ved at eleven får vondt i magen eller hovudet, søv dårleg eller at eleven kjenner seg sjuk på andre måtar. Dette kan vera synleg berre når eleven er heime. Eleven kan tilsynelatande sjå glad og nøgd ut på skulen, men bli veldig sliten og lei seg heime. Dette kan vere vanskeleg for familien å stå i, og utfordrande for skulen å forstå.
Ofte startar desse vanskane i det små, men kan utvikle seg til å bli eit meir omfattande problem med alder. Dess meir omfattande vanskane blir, dess vanskelegare er det å komme i posisjon til å snu det. Dess tidlegare ein kan ta tak i desse utfordringane, dess lettare er det å finne gode tiltak som hjelper eleven.
Det er viktig å ha god oversikt over eleven sitt fråvær. I «Handlingsplan for fråværshandtering» (lenkje kjem) får du informasjon om kva rutinar skulane i Øygarden kommune har når det gjeld fråvær.
Om du som føresette er uroleg fordi ditt barn eller ungdom vegrar seg for å gå på skulen, sjølv om det enda ikkje viser seg i faktisk fråvær, så ta kontakt med skulen så raskt det lar seg gjere. Å forsøke å forstå dette saman på eit tidleg tidspunkt, kan gjere det lettare å komme i posisjon for å hjelpe.
Dersom tiltak på skulen - og tiltak mellom skule og heim ikkje er nok, kan skulen ta kontakt med Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR).
Søknad om kompetanseheving og rettleiing (skule)
I skjema under kan du krysse av for «Vanskar med skulenærvær».
Søknadsskjema (DOCX, 65 kB)
PPR og Familie- og rettleiingstenesta (FOR) har inntak i slike saker ein gong i veka. Saman med elev, føresette og skule blir saka undersøkt og kartlagt og ein vil saman freiste å finne gode tiltak.
Kontakt oss
Føresette og skule kan og ta direkte kontakt med FOR og PPR dersom du meiner det er mest føremålstenleg.
Pedagogisk psykologisk ressurssenter
Ranveig Bungum
Telefon: 911 99 384
E-post: Ranveig.Bungum@oygarden.kommune.no
(NB! ikkje bruke e-post til sensitive opplysningar)
Familie- og rettleiingssenteret
Telefon: 905 67 445