SFO skal vera ein del av skulen si verksemd. Vi skal dekke barna sine behov for tilsyn, omsorg og tryggleik. Barna skal oppleve heilskap og samanheng i kvardagen. Barna skal lære sosial kompetanse gjennom leik og samspel med dei andre barna og dei vaksne.
Vi skal ha aktivitetar som fremjar det fysiske og kreativiteten til barna. Tryggleik er viktig for at barna skal kunne utvikle desse evnene, og det er viktig å bruke tid på det, særleg ved starten av det nye skuleåret. Vi vektlegg den frie leiken fordi den er grunnlag for god sosial utvikling. Vi vil arbeide for at føresette blir møtt på ein positiv og profesjonell måte.
Sist endra 16.01.2023 10.25