Skulefritidsordninga skal finansierast gjennom statleg tilskot, kommunalt tilskot og eigenbetaling frå foreldra.
Kommunestyret fastsett betalingssatsane som skal vere lik for alle kommunale skulefritidsordningar, jf.Opplæringslova §13-7 femte ledd.
§ 10.1 Statleg tilskot
Tilskotssatsane for skulefritidsordninga vert fastsett gjennom det årlege statsbudsjettet.
15 % av det tilskotsbeløpet som vert utbetalt til den einskilde kommune, skal gå til å styrke tilbodet til elevar som treng særskild hjelp etter sakkunnig vurdering.
§ 10.2 Kommunalt tilskot
Kommunen dekkjer alle utgifter til lokale, mellom anna husleige, lys, varme, reinhald og vaktmeister, utstyr, uteareal og dei administrative kostnadane.
Meirutgifter til barn med særskilde behov og vanskar utover det statstilskotet dekkjer, vert dekka av kommunen.
§ 10.3 Opphald og foreldrebetaling
Foreldrebetalinga skal vera med å dekka kostnadane til løn for ordinært personale tilsett i skulefritidsordninga og driftskostnader til materiell og utstyr.
Det er fire alternativ for opphald:
- Heil plass, frå kl. 07.00 til kl. 16.30/17.00
- Redusert plass kl. 07.00 til kl. 15.30
- Etter skuletid til kl. 15.30/16.30/17.00
- Morgonopphald før skuletid frå kl. 07.00 til skulestart
Samarbeidsutvalet ved den enkelte skule kan vedta endring i opningstid innafor dei økonomiske rammene til SFO.
- Ved den einskilde eining kan det verte ekstra betaling for mat/drikke.
- Det vert kravd foreldrebetaling for 10 terminar pr. år. Utanom dette vert det kravd ekstra betaling for opphald i skulen sine ferie- og fridagar, og for tilfeldig dagsopphald.
- Dersom eleven vert henta for seint i SFO, må foreldra betala ei avgift for kvar påbyrja halvtime. Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon ved for sein henting av fleire elevar.
- Det vert kravd betaling for opphald etter dei betalingssatsane og retningslinene som til ei kvar tid er vedteke av kommunestyret.
- Det vert gjeven søskenmoderasjon på 30% for barn nr 2 og 50% for barn nr 3 og 4.
- Foreldre på 1. og 2. trinn, med dokumentert lav inntekt kan etter søknad få redusert foreldrebetaling, pr elev skal prisen vere maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet. *
- Barn med spesielle behov på 5.-7.trinn som har sakkunnig uttale der hovuddiagnosen gjer at det er til barnet sitt beste å vere i SFO, har gratis plass.*
*Tilføyd ved ny forskrift 1B til Opplæringslova 2 juli 2020 nr. 1492 (i kraft 1. aug 2020)
§ 10.4 Tilpassa plassar
- Barn med spesielle behov, frå 5. til og med 7. klasse.
- Barn med plass av sosial/pedagogiske grunnar, betalar pr time. Timane må avtalast på førehand.
- Det er eigne satsar for kriseplass, dagplass og enkelttimar. Kontakt den einskilde SFO for meir informasjon.