Elevplassen kan berre seiast opp ved å senda skriftleg melding til Øygarden kulturskule. Dette kan sendast i elektronisk skjema eller per e-post. Melding til lærar er ikkje gyldig oppseiing. Oppseiing er gyldig når den er stadfest skriftleg av Øygarden kulturskule.
Hugs oppseiingsfristar for å sleppa å betala faktura for kommande halvår: 1. juni for hausthalvåret og 1. desember for vårhalvåret.