Den største delen av undervisningstilbodet vårt er retta mot barn og ungdom 0-20 år.
Kulturskulen samarbeider også med grunnskule og barnehage m.a. om kompetanseheving innan musikk, og vi har musikkterapitilbod på fleire kommunale institusjonar.
Vi har undervisning i musikkfag, teater, dans, visuell kunst, film, og enda meir. Hos oss kan du oppdage heilt nye interesser, utvikle dine kunstnariske evne og få nye vener!
Kulturskulen har mange ulike konsertar, utstillinger og andre framsyningar i løpet av året. I tillegg har vi ansvaret for den kulturelle skulesekken i Øygarden kommune.
Kulturskulen er ein del av den kommunale kultureininga.
Våre lærarar
Alle våre lærarar har høg kompetanse og brei kunstnarisk erfaring. Uansett tilbod leverer dei undervisning tilpassa den enkelte elev sine interesse og nivå.
Her finn du oversikt over tilsette ved Øygarden kulturskule.
Våre tilbod
Kulturskulen tilbyr både enkeltundervisning og gruppeundervisning. Gruppeundervisninga kan vare frå 30 minutt til to timar, medan enkeltundervisninga varer i minimum 20 minutt kvar veke.
Vi ser mange positive effektar ved å jobbe i grupper, og elevane blir lett inspirert av kvarandre. Difor ønskjer vi å legge til rette for gruppeundervisning eller kombinert undervisning der det let seg gjere.
Som elev får du påverke innhaldet i undervisninga. All undervisning er tilrettelagt og vil ta utgangspunkt i ditt nivå og ambisjonar.
Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleåret, og du har plassen heilt til du seier han opp (gjeld ikkje kortkurs).
Praktisk informasjon
Fotogalleri