Band kortkurs

Øygarden kulturskule inviterer ungdom frå 13 til 16 år til bandundervisning våren 2025.

Kurset har oppstart tysdag 14. januar, og siste kursdag er 27 mai.

Band med publikum - Klikk for stort bilete

Drøymer du om å spela i band, og formidla musikk saman med andre. Kan du eitt eller to riff på gitar, eitt par akkordar på keyboards, kan du synga nokre tekstar eller spela nokre trommerytmar?

Her får du sjanse til å bruka desse og dessutan læra mykje meir saman med andre. Undervisninga vert lagt opp etter nivå, bakgrunn og ønskjer.

Gruppestorleik

Kurset må ha minimum 4 deltakarar for at vi kan starta opp. Deltakarane må også kunna instrument som gjer at vi kan dekka ein bandbesetning (trommer, bass, gitar, keyboard og song).

Kushaldarar

Kurshaldarar er Marcus Davidson (Sund ungdomsskule) og Hallgeir Fiskaaen (Fjell ungdomsskule)

Pris

Tilbodet er gratis.

Påmelding

Meld deg på her