KunstLab på Frihuset

KunstLab-gruppene har vore ein suksess året 2024, og Øygarden kulturskule inviterer på nytt kunstinteressert ungdom på mellomtrinnet i skulen (5.-7. trinn) til kunstundervisning på Frihuset på Ågotnes (Hamramyrvegen, like ved Ågotnes skule).

Kurset foregår på tysdagar.

Startar opp i veke 2 (7. januar) og er ferdig i veke 22 (27. mai). 

For dei elevane som drøymer om å skapa, mala, teikna, laga kunst av pappfigurar, så har du sjansen no.

Det er lov for tidlegare deltakarar å melda seg på nytt til gruppene, men dersom påmeldinga er større enn kapasitet, prioriterer vi elevar som ikkje har gått på kurset tidlegare.

Kurset er avsluttande til våren, og det er ikkje mogleg å re-registrera seg til neste år.

Kurset er gratis.

Gruppene må ha minst 4 elevar for å starta, og maks gruppestorleik er 10 deltakarar. Dette på grunn av plass.

 

Lærarar på faget er Maryna Karunyk og Kostyantyn Karunyk.

 

Påmelding her.