Pianogruppe kortkurs

Kulturskulen tilbyr no i vår gruppeundervisning på piano.

Står du på venteliste på piano, eller har lyst å læra litt om piano? Har du lyst å vita litt om korleis du speler etter noter, eller kva besifring er? 

Her får du sjansen til å læra litt om både tonar, rytme og samklang/akkordar.

Øygarden kulturskule inviterer born frå 7-8 år (2.-3.trinn) til gruppeundervisning på piano frå januar 2025.

Kurset startar opp kurset frå og med veke 7 (10.-14. februar), og går til og med veke 22 (26.-29. mai)

Undervisninga foregår i klasserom, der elevane brukar små keyboard/rullekeyboard, og der innhalde er enkel fingerteknikk, note- og rytmelære, og samspel.

Gruppestorleik 

Maksimal storleik er 10 deltakarar pr gruppe. Oppstart føreset at det er nok søkjarar på faget.

Tid og stad

Liljevatnet (Arefjordvegen 290, Knarrevik), rom 230  - Allegretto

Mandagar kl 1700-1745 (Gruppe 1) og 1800-1845 (Gruppe 2)

Kurshaldarar

Kurshaldarar er Lasse Økland og Jakob Særvoll.

Pris

Tilbodet er gratis

 

Meld deg på her