Visuelle kunstfag

Å uttrykka seg visuelt har vi menneske gjort til alle tider; heilt tilbake til hulemalerier og helleristningar, Visuelle kunsfag består av fag som teikning, maling, keramikk, diverse installasjonar og trykk. grafikk i ulike teknikkar. Vi  tilbyr gruppeundervisning der teikning, maling og grafikk (linosnitt) har sentral plass.

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på skaparglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også teori og teknikk innan maling, teikning, keramikk, skulptur, broderi, gatekunst, installasjon og landart.

Ingen forkunnskaper er nødvendige, men ein bør lika å skapa. Vi tilpasser undervisninga etter den enkelte og gruppene er delt inn etter alder.

Stemninga i atelieret vårt er viktig, her skal alle føla seg trygge og velkomne til å kasta seg ut i kunstnarlege prosessar, tôra å «gjera ting vi ikkje kan».

Prosessen; gleda og lærdommen i det å utforska og reflektera er viktigere enn eit ferdig resultat!

Deltaking og førebuing til ustillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane deltar på dette kvart år. I løpet av året får elevane laga utstilling der både idear, skisser og meir ferdig arbeid vert stilt ut i vårt eige utstillingslokale på Liljevatnet og/eller på andre arenaer.

Praktisk info

Det er viktig at du har klede som passar til undervisningen, dvs klede som toler søl. Læraren din vil fortelja deg kva som passar best.

Visuelle kunstfag kan du starta med det året du fyller 8. Vi forsøkar å ha grupper som er tilpassa dei ulike aldersgruppene.

Grupper

Søk om plass

Maleskrin - Klikk for stort bilete
Sølvi Dahle
Lærar
E-post