BandBand er eit samspeltilbod til elevar som får undervisning på bandinstrument (gitar, bassgitar, slagverk, tangentinstrument) eller andre displinar som er aktuelle i bandsamanheng (song, fløyte, blåseinstrument, fiolin) og ønsker å spele i band.UndervisningUndervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), og ikkje minst samspel. Det vil også bli gitt noko teori, notelære, besifring, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Du som elev vil kunna påvirka kva låter som bandet skal øva på. Utval av repertoar skjer i samarbeid med lærar.Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.Praktisk infoDet er ein fordel for å vere med i band at eleven får undervisning på instrumentet sitt, slik at utfordringar som er aktuelle i bandet kan bli løyst i samarbeid med læraren. Det er ikkje nødvendigvis eit hinder at ein får undervisning ein annan stad enn i kulturskulen, spesielt dersom kulturskulen ikkje tilbyr undervisning i instrumentet (t.d. saxofon, trompet el.l.). I så fall bør du skrive om dette i merknadsfeltet.Det er viktig at du har høve til å øva heime. Det er eit krav at eleven har mulighet til å førebu seg til kvar undervisningstime. Sjå også elevreglemetet.Du bør vere 11 år for å delta på dette tilbodet. Tid | StadOnsdagar kl. 18.45 - 19.45 | Liljevatnet, scenenSøk om plassFotogalleri Sist endra 27.03.2025 15.11