Undervisning
Undervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Du lærer grunnleggjande bratsjspel, og undervisninga vert tilrettelagt etter eleven sitt behov.
Som bratsjelev får du også tilbod om å delta på samspelprosjekt med andre elevar i Øygarden og i Askøy kulturskole.
Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.
Praktisk info
Det er viktig at du har høve til å øva heime. Eleven må ha eige instrument. Snakk med læraren din om rett storleik.
Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.
Dette instrumentet kan du få undervisning på frå og med det året du fyller 7 år.
Undervisningsstader
Bratsjundervisning får du på fleire stader i kommunen:
Søk plass her