Fiolin

Fiolin er det minste av strykeinstrumenta. 

I eit symfoniorkester er fiolinen eitt av dei viktigaste instrumenta. Fiolinen vert og brukt i kammermusikk (kvartett/kvintett), og i ein del folkemusikk. 

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Du lærer grunnleggjande fiolinspel, og undervisninga vert tilrettelagt etter eleven sitt behov. 

Som fiolinelev får du også tilbod om å delta på samspelprosjekt med andre elevar i Øygarden og i Askøy kulturskole.

Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.

Praktisk info

Det er viktig at du har høve til å øva heime. Eleven må ha eige instrument. Snakk med læraren din om rett storleik. Vi har instrument til utleige på kulturskulen.

Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.

Dette instrumentet kan du få undervisning på frå og med det året du fyller 7 år.

 Undervisningsstader

Fiolinundervisning får du på fleire stader i kommunen:

  • Ågotnes skule
  • Liljevatnet

Søk om plass

Fiolin - Klikk for stort bilete
Jennifer Turner
Lærar
E-post