Pilotprosjekt Kulturkarusell – eit samarbeid mellom Øygarden kulturskule og SFO
Kulturkarusell er eit fleirfagleg og forpliktande samarbeid mellom Øygarden kulturskule og SFO, med tilbod om kunst- og kulturaktivitetar av høg kvalitet til elevar i SFO. Eleven som ressurs er sentralt, og målet er å bruka kunst og kultur som verktøy for livskvalitet, fellesskap, deltaking og danning. Målet er at Kulturkarusell blir eit permanent tilbod til alle SFOar som ønsker å delta. Slik er vi med på å sikra at alle born i kommunen får eit tilbud om kunst- og kulturaktiviteter av høg kvalitet.
Kulturkarusell bygger på nasjonal rammeplan for SFO.
Det er gratis å delta og tilbodet er gratis for SFO.
Det betyr at SFO ikkje betaler til kulturskulen. Men SFO må forplikta seg til å bidra med arbeidsinnsats.
Kulturkarusell bygger på medeigarskap og ansvarsdeling mellom deltakarane, der alle partar set av tid til utviklingsarbeid i tillegg til aktivitetstida med elevane. Kulturkarusell blir på denne måten eit kontinuerleg kompetansehevingsarbeid.
Det er meininga at Kulturkarusell skal virka inspirerande i SFO-kvardagen, og at erfaringar og kompetanse som blir utvikla i Kulturkarusell får ein overføringsverdi for alle elevar og SFO-tilsette, ikkje berre dei som deltar direkte i Kulturkarusell. Det er difor forventa at deltakande SFO-tilsette/ SFO-leiar informerer og sprer sine erfaringar til kollegiet.
Kulturkarusell er eit pilotprosjekt skuleåret 2021-2022
Det er Erika Kroken og Malgorzata Osypinska som er lærarar frå kulturskulen.