Øygarden kulturskulekor

Her får du utvikle songstemma di og få rutine i alt som høyrer med i å synge i kor. Du får opptre på konsert i og utanfor kommunen, delta på seminar og reise på tur i inn- og utland!

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på songglede, formidling (kva historie vil du fortelja), og ikkje minst samspel. Det vil også bli gitt noko teori, notelære, besifring, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar.

Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.

Praktisk info

Det er viktig at du har høve til å øva heime, og det er eit krav at eleven har mulighet til å førebu seg til kvar undervisningstime. Sjå også elevreglemetet.

Vi tilrår at yngre elevar får songopplæring i kor

Øygarden kulturskulekor har tilbod frå og med 1. trinn

Barnekoret har ein del tid saman med minikoret, og juniorkoret har tid saman med ungdomskoret.

Tid | Stad

Søk om plass

Øygarden kulturskulekor - Klikk for stort bilete
Åshild Eriksen
Lærar
E-post
Sandra Michelsen
E-post