Piano

Piano er eitt av dei instrumenta som verkeleg mange har eit forhold til og som mange ønsker undervisning i. Piano er både eit bra soloisnstrument, men samstundes kan ein bruka piano til samspel, orkester, band, storband og mindre grupper.

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, besifring, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Du lærer grunnleggjande pianospel, og undervisninga vert tilrettelagt etter eleven sitt behov.

Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.

Praktisk info

Det er viktig at du har høve til å øva heime. Det er ein fordel om du har eit piano, og det er eit krav at eleven har mulighet til å førebu seg til kvar undervisningstime. Sjå også elevreglemetet.

Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.

Dette instrumentet kan du få undervisning på frå og med det året du fyller 8 år.

Av erfaring er det noko lang venteliste på dette instrumentet.

Undervisningsstader

Pianoundervisning får du på fleire stader i kommunen:

  • Liljevatnet
  • Rong kulturhus
  • Ågotnes skule
  • Stranda skule
  • Kolltveit skule
  • Skogsvåg skule
  • Tranevågen ungdomsskule

Søk om plass

Piano - Klikk for stort bilete
Annabel Balean Guaita
E-post
Marcus Davidson
Lærar
E-post
Camilla Norderud
Lærar
E-post
Åshild Eriksen
Lærar
E-post