Slagverk

Slagverk er ein stor «familie» av mange spennande instrument.

Både trommer/trommesett og mindre instrument, men også melodiske instrument, som t.d. xylofon, vibrafon og pauker.

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar.

Som elev vil du bli kjent med dei fleste slagverkinstrumenta og måtar å spela på. 

 

Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.

Praktisk info

Det er ein fordel at du som elev har slagverkinstrument å øve på heime, og det er eit krav at eleven har mulighet til å førebu seg til kvar undervisningstime. Sjå også elevreglemetet.

Trommesett er gjerne det som er lettast å få tak til til eige bruk heime.

Her finst det mange typer trommesett å velja mellom, til ulik pris og med ulik storleik. Det finst både akustisk og elektrisk trommesett.

Snakk med læraren din om kva som kan passa for deg. Læraren din vil fortelja deg kva lærebøker du bør kjøpa.

Slagverk kan du få undervisning på frå det året du er 7 år.

Undervisningsstader

Slagverkundervisning får du på fleire stader i kommunen:

  • Bandbingen ved Frihuset på Ågotnes
  • Rong 
  • Liljevatnet
  • Skogsvåg skule
  • Stranda skule

Søk om plass

Slagverk - Klikk for stort bilete
Marcus Davidson
Lærar
E-post
Ola Berg Riser
E-post