Song

Song er kanskje det ein tenker på først og fremst, når ein høyrer ordet musikk. Synge gjer vi alle menneske, frå vi er fødd, og alle kulturar over heile verda har eit forhold til song som instrument. Som songelev vil du læra å utvikla denne evna.

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på songglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, songteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Ein kan synga moderne musikk, pop og rock, visesang, klassisk musikk, og folkemusikk.

Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.

Praktisk info

Det er viktig at du har høve til å øva heime. Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.

Individuell songundervisning passar best for elevar frå 5. trinn.

Vi tilrår at yngre elevar får songopplæring i kor

Øygarden kulturskulekor har tilbod frå og med 1. trinn

Undervisningsstader

Songundervisning får du på fleire stader i kommunen:

  • Ågotnes skule
  • Rong kulturhus
  • Liljevatnet
  • Skogsvåg skule
  • Stranda skule
  • Tranevågen ungdomsskule

Søk om plass

Åshild Eriksen
Lærar
E-post
Sandra Michelsen
E-post
Camilla Norderud
Lærar
E-post
Marcus Davidson
Lærar
E-post