Dans

Dans er rørsle, og noko som ligg naturleg for oss menneske. Dans kan stimulere til kreativitet, utfalding og mestring, og bidra til ei positiv haldning til eigen kropp og til danning og identitetsutvikling.

Elevane skal bli kjent med prinsipp for jazzdans og moderne dans, og med element av andre danseteknikkar som er felles for begge stilane. Dei skal utvikle kropps- og plassforståing, lære om grunnleggande metodar for å uttrykke seg med rørsle og søke å auke sine kreative evner. 

Dei skal bli kjent med ulike trinn og med danseterminologi. Vi skal jobbe både med koreograferte og improviserte stykker. Å opptre for eit publikum er ein sentral del av opplæringa på dans i kulturskulen.

Tid | Stad

Rong kulturskule

Dans i barnehage

Dans i SFO (halvårskurs)

Søk om plass

Malgorzata Osypinska
Lærar
E-post