Skuleskyss

Retten til skuleskyss gjeld til/frå skuletida/undervisningstida. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skulefritidsordning (SFO).

Avstanden mellom skule og heim må overstiga:

  • 2 km for 1. klasse i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskulen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.

Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Les meir på Utdanningsdirektoratet.

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skadde eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Denne type skyss-søknad krev legeerklæring.

Sjå fullstendig skyssreglement for grunnskulen.

Kvar skal eg søke skuleskyss?

Søknad om skuleskyss til 1. og 8. trinn

Dersom du skal starte i 1. eller 8. klasse må du nytte dette skjemaet.

Søknad om skuleskyss til 1. og 8. trinn

Søknadsfrist for 8. trinn er 18. februar 2025.
Søknadsfrist for 1. trinn er 15. mars 2025.

Innskriven elev

For elev som allereie er innskriven på barne- eller ungdomsskule, må du søkje om skuleskyss i Vigilo foreldreportalen under menypunktet Søknader.

Søk om skuleskyss i Vigilo foreldreportal

Kontakt den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkja om skuleskyss.

Søk skuleskyss Danielsen grunna farleg skuleveg (privatskule)

Søknadsskjema ovanfor gjeld berre dei kommunale skulane. Dersom det gjeld skuleskyss til Danielsen grunna farleg skuleveg, sender du søknad til postmottak@oygarden.kommune.no . Merk søknad “Skuleskyss Danielsen”