Landro skule er ein Olweus-skule. Det betyr at vi jobbar etter Olweusprogrammet, som er eit tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd.
Forebygge mobbing
Hovudmålet er å førebygge mobbing og skapa eit trygt og godt læringsmiljø for alle, samt redusere eksisterande mobbeutfordringar. Faste klassemøter med fokus på førebygging blir gjennomført i klassane gjennom heile skuleåret.
I friminutta får elevane tilbod om å delta i mange ulike aktivitetar både inne og ute gjennom vårt eige program Aktiv Glede. Elevar frå 5.-7. trinn er aktivitetsleiarar og gjer ein stor innsats og bidreg til eit betre samhald og eit tryggare skulemiljø gjennom organiserte aktivitetar.
Sist endra 06.11.2024 13.25