Plikter
- Elevane har ansvar for orden på eigen pult, området rundt pulten, hylla si og i ranselen.
- Elevane har etter tur ansvar for vasking av tavla, utdeling av mjølk og frukt, tømming av papirboksane, utdeling av bøker m.m.
Arbeid med ordensreglane
- Elevane vert gjort godt kjende med ordensreglane.
- Elevane vert gjort kjende med reglar for framferd på utflukter.
Respekt for alle andre
- Elevane lærer seg å lytta til og dela opplevingar med kvarandre
- Elevane lærer seg å respektera andre sine meiningar, grenser personlegdom og tru.
- Vi øver oss i å snakka fint om kvarandre
- Elevane lærer å ta ansvar for sin eigen person og sine eigne grenser.
Ansvar for eiga læring
- Elevane skal læra seg å ta imot beskjedar.
- Elevane skal gjera og retta lekser til rett tid.
- Elevane skal læra seg å nytta tida godt.
- Elevane skal læra seg å finna fram i og bruka ulike hjelpemiddel i læringsprosessen.
Uteområde
Elevane har ansvar for orden ute på bestemte tider i skuleåret.
Samandrag
Vi ønskjer at ansvarslæringsplanen skal hjelpa elevane til å forstå at dei kvar for seg er viktige, og at vi alle er med på å skape ein god skule.
Om elevane bryt skulereglar, øydelegg utstyr o.a. må dei ordna opp for seg.