Elevråd

Elevrådet ved skulen har jamne møtepunkter gjennom skuleåret. Dei er engasjerte og jobbar med ulike saker som elevane er opptekne av. Målet er å fremje fellesinteressene til elevane og jobbe for å skape eit  godt lærings- og skulemiljø. Ingvild Langeland Tellnes er elevrådskontakt ved skulen.

Elevane deltek i elevrådet med ein representant frå kvar klasse. Kvar representant har ein vara som stiller ved fråfall. Alle klassar har klassemøte og sender saker til og frå elevrådet.

Elevrådsrepresentant

Leiar: Ingvill Langeland Tellnes

§10-5 Organiseringa av skuledemokratiet

Ved kvar grunnskole skal det for vera eit elevråd som er valt av elevane ved skulen. I elevrådet er det med ein representant for kvar klasse. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.

Eit medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet. Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. 

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings – og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og kome med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.