Trygt og godt barnehage- og skulemiljø

Mobbing og krenking er årsak til at barn og unge kan kjenna at barnehage- og skulemiljøet ikkje er trygt og godt. Dette kan føra til at hen vegrar seg for å komma i barnehagen eller på skulen. For skuleelevar kan ei slik vegring til slutt føra til at dei ikkje kjem på skulen i kortare eller lengre periodar. 

Overgang frå heim til barnehage/skule, faglege vanskar eller at hen ikkje har det bra heime, kan og vera årsaker til vegring eller fråvær frå barnehage eller skule.

Om du som føresett er uroleg for at barnet ditt eller ungdommen din ikkje har det trygt og godt i barnehagen eller på skulen, og at dette i tillegg viser seg i vegring eller faktisk fråvær frå barnehage eller skulen, ta kontakt med barnehagen eller skulen så raskt det lar seg gjera. Å forsøka å forstå dette saman på eit tidleg tidspunkt, gjer det lettare å komma i posisjon for å hjelpa.

For skulane i Øygarden kommune er det laga ein Handlingsplan mot bekymringsfullt skulefråvær

Logo for Trygg i fellesskap - Klikk for stort bilete

TRYGG I FELLESSKAP er Øygarden kommune sitt førebyggande og avdekkande arbeid mot mobbing og krenking. Målsetjinga til TRYGG I FELLESSKAP er å førebyggja og å redusera omfanget av mobbing og å hjelpa til slik at alle barn og unge har det trygt og godt i Øygarden kommune. Det er viktig å sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge. 

Å kjenna barnehagemiljøet trygt og godt er ein rett alle barn i Øygarden kommune har. I Barnehagelova §41 står dette: «Barnehagen skal forebygge tilfeller hvor barn ikke har et trygt og godt barnehagemiljø ved å arbeide kontinuerlig for å fremme helsen, trivselen, leken og læringen til barna».

Å kjenne skulemiljøet trygt og godt, er ein rett som alle elevar i Øygarden kommune har. 
I Opplæringslova §12.2 står dette: «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring».

Kontaktinformasjon for føresette og elevar

Dersom tiltak i barnehagen eller på skulen - og tiltak mellom barnehage eller skule og heim ikkje er nok, kan føresette og elevar ta direkte kontakt med:

Pedagogisk psykologisk ressurssenter

E-post: trygt.godt@oygarden.kommune.no
(NB! ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar, bruk berre e-post til å oppretta kontakt, så tar vi kontakt via telefon for meir informasjon om saka)

Telefon:

  • Barnehage | Marianne C Gjerstad: 932 96 27
  • Skule | Ranveig Bungum: 911 99 384 

Familie- og rettleiingssenteret

Telefon: 905 67 445

Dersom barnet er elev på ein skule, kan du ta direkte kontakt med helsesjukepleiar på skulen.

Kontaktinformasjon for barnehage og skule

Barnehage og skule kan ta kontakt med Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) sin kontaktperson for drøfting og vurdering om vidare rettleiing/hjelp. Ved behov for meir rettleiing/hjelp/kompetanseheving, nytt skjema:

Nyttige lenkjer