Organisasjonen skal vera næringslivet si stemme og næringslivet sin samlande aktør. Gjennom partnarskapsavtale mellom Vest Næringsråd og Øygarden kommune, jobbar vi samen for å sikra vekst og verdiskaping i kommunen.
Ønsker du å lesa meir om Vest Næringsråd (VNR) og melda deg inn som medlem, sjå meir her: Vest Næringsråd

I partnarskapsavtalen mellom VNR og Øygarden kommune, stadfestar aktørane det gode samarbeidet for utvikling av næringslivet i kommunen, også samen med næringslivet. Gjennom felles arrangement, deltaking i ressursgrupper og innspelsmøte for næringslivet med meir, ønskjer begge partane i avtalen ein open og god dialog som er fruktbar for alle partar. Øygarden kommune respekterer og anerkjenner det arbeidet Vest Næringsråd gjer, som ikkje berre gagnar medlemene deira, men også kommunen og regionen elles.