CCB Energy Holding

Klimaløysingar innan hydrogen og CO₂. Er det mogleg å slå to fluger i ein smekk når det gjeld grøne løysingar? I Energiparken i Øygarden skjer det ein liten grøn revolusjon med hydrogen og CO₂ i hovudrollene. 

Energiparken i Øygarden - Klikk for stort bilete

Fakta

Forretningsområde: Klima og industriutvikling
Lokasjon: Energiparken og Ågotnes
Tal tilsette: 10. (Over 400 ansatte i CCB forøvrig).
Nettside: www.ccbeh.com

Energiparken i Øygarden har ei unik plassering for eit klimavenleg eventyr. Med nærleik til sjø og veg er alt tilrettelagt for distribusjon både til havs og på land. Her i Energiparken, som er utgangspunktet for CCB Energy Holding sine selskap, etablerast H2 Production sitt revolusjonerande pilotanlegg for hydrogen.

Handterer heile verdikjeda 

Det pågår etableringar med berekraftig fokus i Energiparken på Kollsnes. Her skal CCB Energy og H2 Production produsere klimanøytralt hydrogen frå naturgass, og den skadelege klimagassen CO₂ skal lagrast i eit reservoar under bakken ved hjelp av Northern Lights. I tillegg blir det samarbeidd tett med det norske teknologiselskapet ZEG Power, som bidrar med klimavennlege, teknologiske løysingar for produksjon av reint hydrogen.  

– Vi trur at denne teknologien vil vere ein del av løysinga for å redusere dei globale klimautsleppa, fortel Ronny Haufe, konsernsjef i CCB Energy. 

– I Noreg er vi rike på naturgass, og det å oppnå ei berekraftig utnytting av denne ressursen gjennom produksjon av reint hydrogen, trur vi kan få stor betydning, både for norsk industri og i klimasamanheng. 

Med CCB Energy sin plan om å handtere heile verdikjeda, frå å nytte naturgass til å produsere hydrogen med deponering av fanga CO₂, blir dei blant dei første i verda med denne typen teknologi til å tilby reint hydrogen for kommersielt formål. Kanskje vil bilen du køyrer i dag, ein gang blir bytta ut med ein bil som køyrer på hydrogen produsert i Energiparken på Kollsnes?

Ei viktig brikke i eit stort puslespel 

CCB Energy ligg heilt i front når det gjeld å sjå moglegheiter; moglegheiter for nyetableringar, omstilling, og å skape framtidige, berekraftige arbeidsplassar. Hydrogenproduksjon i Energiparken på Kollsnes er kanskje berre ei brikke i eit større puslespel i Øygarden og området rundt. Likevel utgjer det ei veldig viktig brikke.  

– Øygarden er ein unik kommune, og forholda ligg unikt til rette for at dette blir eit sentralt knutepunkt. Viss vi kan forsyne fartøy og køyretøy med hydrogen, blir det mindre avgassar ut.

Fokuserer på synergiar og sirkulærøkonomi 

CCB Energy har som mål å vere berekraftig, framoverlent og nytenkande. Visjonen for Energiparken er å skape ein klimafokusert næringspark for industriar, som både gir synergifordeler og som bidrar til reduserte klimagassutslepp. 

I løpet av få år er planen å få på plass fleire nye, grøne prosjekt i Energiparken. Dette kan vere anlegg som fangar CO₂ direkte frå luft, produksjon av biogass eller industriar som kan utnytte CO₂ i ulik type produksjon. Enkelte industriar kan bidra med spillvarme som kan nyttast av andre. 

– Vi er i dialog med mange spennande aktørar som er interesserte i å etablere seg i Energiparken. Moglegheitsbildet er stort når ein ser på den heilskaplege verdikjeda og korleis ressursar kan utnyttast i ein synergisamanheng, uttaler Haufe. 

Besøk i Energiparken - Klikk for stort bilete

Internt fokus på berekraft 

CCB Energy jobbar til dagleg med avanserte klimaløysingar. Likevel sørger dei for å sette fokus på berekraft internt.  

– Vi støttar FN sine berekraftsmål, i tillegg til at vi fører klimarekneskap og måler på det, fortel Haufe og legg til:  

– I dette arbeidet har vi forsøkt å inkludere alle tilsette for å skape engasjement frå topp til botn og botn til topp. Dette fordi det er viktig å finne ein måte å gjere klimarekneskap på som folk synest er engasjerande. Det grøne skiftet handlar om meir enn å sortere bosset heime.

Delar av kunnskapen 

Kompetanseoverføring har vore ein viktig del av suksessen. Med plassering tett på nokon av dei leiande forskingsmiljøa innanfor hydrogen i Bergen, er moglegheitene gode for å dra nytte av samarbeid. 

– Vi er opptatt av å knytte oss opp mot kunnskapsinstitusjonar som Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norce og NHH. Vi deltar òg på webinar og i klynger, og mellom anna er vi medlem i Ocean Hyway Cluster. 

– Kva vil de ha meir hjelp til? 

–  Tilrettelagt infrastruktur, vegsamband og elektrisk kraft, er noko kommunen kan hjelpe oss med. Vi treng òg næringsregulatorisk bistand; hjelp til å få omregulert, regulert og tilpassa den bransjen vi jobbar i.