Sotra Gruppen AS

Dei var blant dei første til å hoppe på miljøtoget, men har ikkje snakka så høgt om det. I dag fortel Sotra Gruppen stolt om den 42 år gamle forretningsideen som har vore berekraftig frå første stund. For der ein gammal kjetting for nokon ville vore vrakgods, augnar Sotra Gruppen heller ei moglegheit til å reparere og resertifisere.

Anlegget til Sotra Gruppen AS på Vindenes - Klikk for stort bilete

Fakta

Forretningsområde: Sal av fortøyingsutstyr og verkstaddrift
Lokasjon: Vindenes
Tal tilsette: 60
Nettside: www.sotragruppen.no/

Sotra Gruppen ligg langt framme når det gjeld berekraftig drift og omstilling. Allereie ved etableringa av Sotra Contracting i 1980, var gjenvinning og resirkulering ein av hovudstolpane i forretningsideen.

– Ein av forretningsideane den gong var å gjenvinne overskotsmateriell frå Nordsjøen. I tillegg skulle vi kjøpe brukt utstyr, for å så reparere og selje det, fortel Anita Vindenes, kvalitets- og HMS-leiar i Sotra Gruppen.

Kvifor selje nytt, når ein kan reparere gammalt?

Ved foredling og videresal av det overflødige materialet frå oljeverksemda, oppstod ei ny tankerekke rundt berekraftige spørsmål: For kvifor selje nytt, når ein kan reparere gammalt?

– I dag driv vi mellom anna med påleggssveis. Då reparerer vi gammalt utstyr ved å sveise nytt akkurat på den delen av produktet som treng det, slik at vi slepp å byte ut heile delar, fortel Vindenes og utdjupar:

– Vi pleier å seie at vi forlenger eller gir nytt liv til nedslite utstyr. Ofte tilbyr vi òg reparasjon i staden for nyproduksjon slik at utstyret kan leve lenger, slår kvalitetsleiaren fast.

Sotra Gruppen har òg brukt den breie kompetansen sin til å bygge strukturar for oljebransjen slik at dei kan bli ein leverandør av stålstrukturar og rørsystem for biokraftverk.

Sotra Gruppen har òg brukt den breie kompetansen sin til å bygge strukturar for oljebransjen slik at dei kan bli ein leverandør av stålstrukturar og rørsystem for biokraftverk. - Klikk for stort bilete

Slik gir dei nytt liv til ein gammal kjetting

Vi står overfor store utfordringar når det gjeld forureining av hav. Derfor ønsker Sotra Gruppen å bidra med kompetansen sin for å sikre at anlegga er riktig fortøydd.

– Det har vore viktig for oss å bruke kompetansen vår på fortøying til å finne ut korleis det kan gjerast sikrare og meir effektivt. Derfor er vi med på å finne måtar som gjer forankringa av desse anlegga meir stabile. Å tenke trygging først har alltid vore viktig for oss, forklarar Vindenes.

Tilbake på 1980-talet var det ikkje like vanleg å snakke høgt om berekraft slik Sotra Gruppen gjer i dag. Likevel var omstilling viktig for bedrifta, og det er det framleis. Når Sotra Gruppen sel kjetting i dag, er det ofte ein allereie brukt kjetting, som er sertifisert, som blir tilbydd som eit godt alternativ til nytt.

– Kjetting som ikkje lenger kan sertifiserast for bruk som fortøying, får nytt liv som del av andre produkt, som til dømes eit lodd. Slik gir vi nytt liv til ein gammal kjetting.

Problemløysaren til kundane

Det ligg i Sotra Gruppens DNA å opptre ryddig overfor kundane sine, tilsette og samfunnet rundt. Dei skal vere den stabile og sikre verkstaden, og ein stolt tilbydar av vedlikehald, sal og kjøp av anker, kjetting og fortøyingsutstyr. Også her speler berekraft ei viktig rolle. Der andre ville skrota, finn Sotra Gruppen nye bruksområde til utdaterte kjettingar.

– Slik kan kjettingane bli selt vidare som andre ting. Det morosame er at vi jobba med gjenvinning og hadde berekraftige strategiar allereie for 42 år sidan. Likevel har vi ikkje vore flinke nok til å fortelje verda om det. 

Sotra Gruppen skal vere problemløysaren til kundane, og mange av desse løysingane er nettopp miljøvennlege.

– Kva treng bedrifta hjelp til i dag?

– Vi treng ei ekstern rettleiing og støtte til utvikling av nye miljøvennlege prosjekt. Det kostar pengar å utvikle, og det går på kostnad av tid vi kunne brukt til andre ting. Vi saknar òg ein samlingsarena der dei ulike bransjane kan utveksle erfaringar og idear. For i dag har eg litt kjensla av at alle sit på kvar si tue. Vi har ikkje kapasitet sjølv til å opprette desse foruma, så derfor hadde det vore fantastisk viss kommunen eller Næringsrådet kunne skapt desse møteplassane.