Om prosjektet

Med Vestlandets lengste kystlinje, tett på Nordsjøen, finn du Øygarden. Fyrtårnet i Vest ligg perfekt til som vertskap for nokre av landets største satsingar i det grøne skiftet.

To av dei største drivarane i kommunen er CO₂-anlegget Northern Lights, ein del av det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne, og Bergen Havn, den første utsleppsfrie hamna i Europa. Med det set Øygarden kommune innovasjon i førarsetet.

Ny grøn satsing

Vi satsar tungt på grøn næringsutvikling, kompetanseoverføring og sirkulære forretningsmodellar. For å setje handling bak ambisjonane har vi, med støtte frå Vestland fylkeskommune, oppretta ei ny, grøn satsing for eit berekraftig og innovativt næringsliv. Her skal vi, ved å samle den fremste kompetansen frå næringsliv, kapitalmiljø, akademia, klynger og entreprenørskap, legge til rette for kompetanseoverføring, sirkulære forretningsmodellar og næringslivet i framtida. I dette tverrfaglege miljøet vil ein lære om konkrete forretningsmogelegheiter, få identifisert sine fortrinn og møte framtidige partnarar.

Langs Øygardens langstrekte kystlinje skal berekraftige havnæringar få realisert potensialet sitt. Leverandørindustrien til olje og gass står for ein stor del av verdiskapinga i regionen. Denne bransjen er landet nest største og har ei sentral rolle i omstillinga til nye, berekraftige industriar. Ved at vi legg til rette for kompetanseoverføring mellom leverandørindustrien, energiaktørar og marine bedrifter, vil vi kunne få fortgang på den grøne omstillinga. Øygarden har tilstrekkeleg areal for å skape ny industri utan å gjere yttarlege naturinngrep. I kombinasjon med plasseringa vår tett på havet og den langstrakte kystlinja vår, er dette ein unik stad å ha nærvær. Her kan vi sikre morgondagens arbeidsplassar!

Grøn verdiskaping, auka samhandling

I prosjektet ønsker vi å legge til rette for løft innan innovasjon, grøn omstilling og samarbeid på tvers av bedrifter, bransjar og verdikjeder - både i offentleg og privat sektor. Vi skal få næringslivsaktørar til å spele på same lag. Med dei store satsingane som skjer i regionen vår, er det viktig at vi får realisert moglegheitene for eksisterande næringsliv. Dersom klimagassutsleppa skal halverast innan 2030 har vi dårleg tid.

Forretningsmogelegheitene

I følgje handlingsplanen til EU er framtidas forretningsmogelegheiter innan grøn omstilling og berekraft. Tilbakemeldingar frå storindustrien avdekker eit behov for kompetanse, samarbeid og koordinering av framtidige aktivitetar innan det grøne skiftet.

I dette prosjektet blir det tileigna kunnskap om nye forretningsmogelegheiter som CO₂-fangst, hydrogenproduksjon, berekraftig havbruk og nye artar, råvaregjenvinning, alternative ingrediensar i materiale, elektrifisering og andre nye energikjelder. For å realisere nye moglegheiter blir krevst kapital og riktig nettverk.