Korleis finansiere oppstart?
Som nemnt øvst på sida, anbefaler vi nettsida til altinn.no kor du finn informasjon om å starta og driva bedrift.
Innovasjon Norge har ein ny portal der ein kan registrera seg og få vidare hjelp. Portalen heiter: En vei inn Her legg du inn informasjon om kva du ønskjer å starta, og vil få rådgjeving vidare.
Du bør spesifisere kor mykje av finansieringa som vil vera eigenkapital, og kor mykje må du låna.
Skal du i banken, ta med deg forretningsplanen din og presenter han godt. Ta gjerne med deg styreleiar om du har det på plass. Jo fleire som kan selja ideen, jo betre.
Dagpengar under etablering
Dersom du skal søkja dagpengar hos NAV under etableringa, må du ha ei bedriftsfagleg vurdering. Dette tilbyr kommunen hjå Innbyggartorget og biblioteket, sjå lenkje under. Sjå NAV sine sider for informasjon om søknad om dagpengar: NAV
Innbyggjartorget Øygarden kommune