Lånerett
Alle som bur i Noreg har rett til å få lånekort og bruka folkebiblioteka sine samlingar og tenester.
Utlån og bruk skal i hovudsak vera gratis for lånar. Biblioteka tek betalt for utskrift og kopi etter eigne satsar.
Lånekort
For å få lånekort kan ein legitimera seg med Bank-ID på https://oybib.bib.no eller personleg møta opp på biblioteket og visa gyldig legitimasjon.
Fysisk original av legitimasjon som inneheld namn, fødselsdato og bilde, t.d. pass, førarkort eller bankkort med bilde er gyldig. Vi godtar òg digitalt førarkort, studentbevis og elevkort med bilde som gyldig legitimasjon.
Lånarar med norsk ID-nummer kan få nasjonalt lånekort som kan brukast på alle folkebiblioteka i landet. Lånarar utan norsk ID-nummer, skular, barnehagar og institusjonar vil få eit lokalt kort som berre kan brukast ved biblioteka i Øygarden.
Born kan få lånekort frå 1. klasse. Lånarar under 15 år må ha underskrift frå føresette.
Biblioteket må få melding om tapt lånekort.
Lånaren sine plikter
Det du låner, er du ansvarleg for. Som låner er du forplikta til å:
• Behandla bibliotekets materiale aktsamt
• Levera utlånt materiale innan forfallsdato
• Erstatta skada eller tapt materiale
• Syta for at kontaktinformasjon er oppdatert
Ha alltid med deg lånekortet. Dersom du ha gløymt det, kan vi søka deg opp. Då ber vi om legitimasjon.
Dersom du ikkje held lånetida, sender vi ut purring på SMS, e-post eller vanleg post. Det vert sendt ut tre varsel.
Viss materialet ikkje er levert etter tre purringar betraktar vi materialet for tapt, og du må betala erstatning. Rekninga vert sendt ut frå økonomiavdelinga i Øygarden kommune, som tek ansvaret for innkrevjinga. Lånaren mistar retten til å låna fram til kravet er betalt.
Satsar for erstatning av materiale for vaksne
- Bøker: 450,-
- Film: 300,-
- Lydbøker: 300,-
- Musikk: 200,-
- Spel: 600,-
- Tidsskrift: 150,-
- Fjernlån vert prisa individuelt
Satsar for erstatning av materiale for born
- Bøker: 350,-
- Film: 200,-
- Lydbøker: 200,-
- Musikk: 200,-
- Spel: 600,-
- Tidsskrift: 100,-
Lånetid
Vanleg lånetid er 4 veker. For DVD’ar og PC-spel er lånetida 2 veker.
Ein kan fornya lån dersom det ikkje er venteliste, inntil to gongar.
DVD og PC-spel er merka med tilrådde aldersgrenser. Lånaren har sjølv ansvar for at desse vert haldne. Biblioteka er ikkje ansvarleg dersom lånt materiale fører til skade på avspelingsutstyr.
Reservering
Bøker og anna materiale som er utlånt kan du reservera. Du får melding når materialet kan hentast. Det må hentast innan ti dagar.
Lån frå andre bibliotek
Øygarden innbyggartorg og bibliotek er ledd i eit nasjonalt biblioteksystem. Bøker som vi ikkje har i samlinga, kan som oftast bestillast inn frå andre bibliotek.
Det er ikkje høve til å ha fleire enn 5 samtidige fjernlån.
Det er du som er ansvarleg for det du har lånt, heilt til det er registrert innlevert på biblioteket. Fjernlån er ressurskrevjande, og dersom lånar gjentekne gonger ikkje hentar bestilt fjernlån eller unnlét å levere tilbake fjernlånt materiale, fell retten til å fjernlåna bort.
Studentar ved høgskular og universitet oppfordrast til å bestilla pensumlitteratur gjennom utdanningsinstitusjonen sitt bibliotek.
Ordensreglar
Personar som viser uønskt åtferd kan bli vist bort frå biblioteket, og kan mista låneretten for kortare eller lengre tid. Brot på ordensreglementet kan føra til midlertidig bortvising frå biblioteket. Politi eller vektarar kan bli tilkalla.
• Besøkande på biblioteket må opptre i samsvar med alminneleg folkeskikk og norsk lov.
• Det er ikkje tillate å opphalda seg i biblioteket i synleg ruspåvirka tilstand.
• Førarhund/servicehund er tillate på biblioteket. Andre dyr har ikkje adgang.
Behandling av personopplysningar
Øygarden innbyggartorg og bibliotek behandlar personopplysingane dine i samsvar med gjeldande lovverk. Fleire av våre tenester krev at ein har lånekort, og ein føresetnad for å få lånekort er at vi kan registrera enkelte personopplysningar om deg. Du har rett til å krevja innsyn, retting, sletting og avgrensing i behandling og dataportabilitet av opplysingane.
Viss du registrerer deg som nasjonal lånar, blir adresseopplysingar og enkelte andre personopplysingar utveksla med Nasjonalt lånarregister. Utvekslinga av opplysningar omfattar ikkje opplysningar om lån, reserveringar, gjeld og andre forhold mellom lånar og det enkelte bibliotek.
Versjon: 24.06.2024