Korleis bli brannkonstabel?

Her finn du informasjon om korleis ein går fram for å utdanne seg til brannkonstabel.

Det er to typer brannkonstabelstillinger: heiltids- eller deltidstilsett brannkonstabel.

I Øygarden brann og redning er det både heil- og deltidstilsette brannkonstablar. 

Krav

  • Når vi tilset nytt personell så blir det stilt krav til hovudarbeidsplass og bustad nær brannstasjonen (maks oppmøtetid er sett til 5 min.)
  • God helse og fysikk
  • Plettfri vandel
  • Det må føreliggje godkjenning frå hovudarbeidsgivar før tilsetting
  • Det må leggjast fram politiattest (jf. § 18 i brann- og eksplosjonsvernloven)
  • Må ha førarkort kl. C. Ev. tilegne seg dette i løpet av 6 måneder etter tilsetting.

Fysisk test

Det må gjennomførast fysisk test som består av:

Vi utdannar personellet med ein kombinasjoon av intern opplæring og ekstern kursing, bla kurs i regi av Brann- og redningsskolen (www.brsk.no). Kort fortalt består utdanninga av eit nettbasert kurs, intern opplæring, røykdykkerkurs og grunnkurs i brannvern.

Ledige stillinger hos oss vert lyst ut, og du finner dei også på heimesida vår. Det vert normalt også gjennomført ein opptakstest der kandidatar vert vurdert.

Meir informasjon om brannutdanning finn du på heimesida til Brann- og redningsskolen: www.brsk.no