Informasjonskapslar, analyse og søk

Øygarden kommune nyttar informasjonskapslar på nettsidene sine. Formålet er å forbetra innhaldet og tenestene vi leverer til besøkande på nettstadene, slik at dei vert meir brukarvennlege.

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar er små tekstfiler, “cookies”, som vert lagra på eininga di når du lastar ned ei nettside eller utfører en handling på nettsida. Innhaldet i informasjonskapslane vil då utvekslast mellom nettlesaren din, nettstaden og ulike tenester. Informasjonskapslane syter for at nettstaden og ulike tenester fungerer best mogleg, og kan ikkje brukast for å identifisera deg som person.

Oversikt over informasjonskapslar vi nyttar.

Google Analytics

Med bruk av analyseverktøyet Google Analytics får vi mellom anna informasjon om kva sider som er besøkte og korleis brukarane navigerer mellom desse, kva nettstader brukarane kjem frå og kva einingar som vert nytta på nettstaden.

Anonymisering av IP-adresser

Google Analytics lagrar delar av IP-adressa til brukarar av nettstaden for å samla inn geografisk informasjon i eit avgrensa omfang. Både Datatilsynet og Google reknar IP-adresser som eín av fleire personopplysningar, og Øygarden kommune har difor aktivert funksjonen anonymizeIP for å maskera IP-adressa. På denne måten ivaretar vi personvernet til brukarane våre av nettstaden. Dette inneber at den siste åttebitgruppen i IP-adressene vert fjerna før lagring.

Tilbakemeldingsfunksjon

Nokre få brukarar vil uoppfordra leggja igjen personopplysninger via vår tilbakemeldingsfunksjon Fann du det du leitte etter? Vi arbeider for å avgrensa omfanget gjennom informasjon til brukarane våre.

Nettstedssøk

Vi lagrar informasjon om søkjeord og val som vert nytta i nettstadsøket (intern søkefunksjon). Vi brukar informasjonen til å betra innhald og navigasjon for brukarar av nettsidene. Bruksmønster og statistikk fra søk kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, som til dømes IP-adresse.