App

Øygarden kommune har lansert ein ny gratis innbyggarapp. Til no har 9 680 personar lasta ned appen.

Innbyggarappen er designa for å styrkja kommunikasjonen mellom innbyggjarar og kommunen. Den nye appen er utvikla for å gjera det enklare for innbyggjarane å få informasjon om trafikkflyt og det som skjer i kommunen.

Ny innbyggarapp frå Øygarden kommune - Klikk for stort bilete

Last ned appen

Appen kan du lasta ned i App Store (iPhone) eller Google Play (Android).

Innhald

I appen finn du informasjon om:

  • Heim
    • Trafikken no - målingar henta frå Statens vegvesen
    • Siste aktuelle saker frå kommunen
    • Fritidstilbod
    • Nyttig informasjon - Kontakt oss, ledige stillingar, podkast rådhuset, kommune-TV
    • Sosiale medium
  • Trafikk
    • Andre strekningar henta frå Google Traffic
    • God trafikkflyt
    • Nabogo
    • Skyss - Rutetider, forseinkingar og endringar
    • Vegvedlikehald - Sotrasambandet, trafikksikring, brøyting, meld feil på veg og gatelys m.m.
    • Siste frå Sotrasambandet - Manuell dirigering, nytt køyremønster, nattarbeid, omlegging m.m.
    • Vind og ver - sjekk kor mykje det blåser på Sotrabrua
  • Aktivitetar - arrangementkalender henta frå nettsida til kommunen
  • Tenester - snarveg til ofte brukte tenester

Push-varslar

Vi ønskjer å bruka push-varslar i appen ved krisekommunikasjon, beredskap og anna viktig informasjon frå kommunen. Alle som har lasta ned appen vil få melding ved bruk av denne funksjonen. 

Historikk

Denne appen er ein del av prosjektet God trafikkflyt. Kommunestyret har sett av 1,2 millionar kroner til ulike tiltak som skal bidra til betre trafikkflyt både internt i kommunen og mellom Øygarden og Bergen. Den nye appen er eitt av 50 små og store bidrag i prosjektet som skal bidra til mindre kø. Dette er særleg viktig i tida fram til nytt sotrasamband vert opna i juni 2027. 

Fotogalleri

Heim - Klikk for stort bilete
Trafikk - Klikk for stort bilete
Arrrangement - Klikk for stort bilete
Tenester - Klikk for stort bilete

Leverandør

Det er Studio X som har levert appen til Øygarden kommune.