«Jobben gjer frisk» ønskjer å skapa gode arbeidsmiljø og nærvær på jobb. Vi inviterer alle tilsette i Øygarden til å delta i «Tren med ein kollega». Dette er eit frivillig valt treningsopplegg der aktivitet står i fokus (utanom arbeidstid).
Eksempel: Turgruppe, sirkeltrening, løpegruppe, fotball, symjing, padeltennis .
Korleis fungerer det?
- Gå saman to eller fleire kollegaer frå eininga di og utfør ønskt aktivitet saman – jo fleire desto betre!
- Aktivitet må vera minimum 30 minutt i moderat til høg intensitet.
- Registrer økta her (eller QR-kode under).
- Bruk hashtagen #trenmedeinkollegaøygarden i sosiale medium (frivillig).
- Bli med i konkurranse om fine premier.
Vinnarar vert kåra 5. mai.

Vinn
- Premie 1: Eininga som har flest registrerte aktivitetar innan 5. mai, og som inkluderer mange i tilsettgruppa
- Tilskot på 6 000,- som eininga kan bruka til eit frivillig valt velferdstiltak
- Premie 2: Alle einingar som registrerer over 10 treningar innan 5. mai med to (eller fleire) tilsette er med i ei tilfeldig trekning
- Tilskot på 3 000,- som eininga kan bruka til eit frivillig valt velferdstiltak
Det blir i begge konkurransane gjort ei skjønsvurdering og det blir tatt til omsyn til storleik/talet på tilsette i eininga.

Kvifor delta?
- Skap treningsglede og samhald på arbeidsplassen!
- Bidra til ein sunnare, sterkare og meir energisk kvardag!
- Vinn premie til eininga di!
- Konkurrer og slå naboeininga!
- La det inngå som tiltak i det systematiske HMS-arbeidet! (sjå anbefaling frå Arbeidstilsynet her)
Registrer aktivitet

Registreringsskjema
Følg med på resultata undervegs etter registrering og konkurrer med andre einingar!
Konkrete råd
Sjå konkrete råd om fysisk aktivitet og arbeid.
Sist endra 25.02.2025 12.41