Tilfluktsrom er permanente beskyttelserom som skal verna befolkninga mot skader ved krigshandlingar. Tilfluktsrom er inndelt i private og offentlege rom og er plassert i dei områda som i si tid ein rekna med hadde størst behov.
Private tilfluktsrom
Private tilfluktsrom er for personar som oppheld seg på eigendommen eller i bygget. Til dømes skolar, barnehagar og kontorbygg. Desse er dimensjonert etter antall personar som normalt sett oppheld seg på eigendommen eller i bygget.
Offentlege tilfluktsrom
Offentlege tilfluktsrom er for alle som er i det aktuelle området. Kommunen eig romma og har ansvaret for drift og vedlikehald, men det er er Sivilforsvaret som har ansvar for drift og klargjering i ein beredskapssituasjon.
Døme kan være større fjellanlegg og rom tilknytt parkeringsanlegg. Det er ikkje nokon offentlege tilfluktsrom i Øygarden kommune. Sjå oversikt på kart over offentlege tilfluktsrom
Aktuell informasjon
Sist endra 10.11.2022 13.47