Øygarden kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggarar i eit geografisk område om hendingar via SMS. Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon.
Når blir systemet brukt?
Øygarden kommune informerer innbyggjarane digitalt ved hendingar når det er naudsynt. Det kan vera ved stengte vegar, evakuering eller andre forhold som krev rask informasjon.
Korleis finn vi deg?
Det blir brukt tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:
1) Privatpersonar:
Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi rår deg til å leggja inn ditt mobiltelefonnummer og din epostadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen herfra. Oppdater informasjon finn du i kontakt - og reservasjonsregisteret.
2) Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter blir bedriften som høyrer til adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Einingsregisteret. Kontaktdata for bedrifter vert henta frå Digitaliseringsdirektoratet/(Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereiningar i Brønnøysundregisteret.
3) Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du nytte dersom du ønsker å motta varslar for ein bedrift eller for ein adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Sjå varslemeg for meir informasjon.
Har du ikkje blitt varsla?
- Er du folkeregistrert på din adresse?
- Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?
Kva kan du gjera?
- Folkeregisteret
Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
- Tilleggsregisteret
Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på din adresse i vårt Tilleggsregister. Hugs å endre hvis du flytter. Tilleggsregisteret er konfidensielt og benyttes kun av din kommune.
- Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)
Sårbare verksemder
Vårt Tilleggsregister knyttar kontaktpersoner til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS vert sendt frå kommunen.
Ofte stilte spørsmål
Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefonar, epost og en automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding blir lest inn som “tekst til tale”. På slutten av meldinga blir du bedt om å taste: 1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldinga 9 - dersom du ønsker å høyre meldinga ein gang til.
Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei adresse som varslinga gjeld og henter dine kontaktopplysningar fra Digititaliseringsdirektoratet sitt kontaktregister. Så lenge du har registrert dine kontaktopplysningar i Digitaliseringsdirektoratet sitt kontaktregister/Altinn vil du bli varsla. Du kan sjekke oppføringa di ved å logge deg inn her
Varsling 24 varsler ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ønsker å få varsel frå din kommune, registrer ein tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for “hemmelig nummer”.
På varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønsker varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, dine foreldre sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:
- Under “Tilleggsoppføring” klikker du “Legg til ditt telefonnummer”.
- Skriv inn ditt mobilnummer og klikk “Send”.
- Du mottar ein kode på sms, som du bruker for logge deg inn.
- Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Navn = den som bur på adressen du registrerer.
Alle eningar i et burettslag eller sameige blir varsla dersom dei er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».
Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei brukar Varsling 24.
På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover din offisielle bustadsadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:
- Under “Tilleggsoppføring” klikker du “Legg til ditt telefonnummer”.
- Skriv inn ditt mobilnummer og klikk “Send”.
- Du mottar ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
- Her kan du også slette adresser eller legge til fleire.
Sist endra 03.11.2022 14.17