Etiske retningslinjer

4 Openheit

Alle har eit felles ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø, og utvikle ein kultur prega av openheit, integritet, likeverd og respekt.

Det skal vere openheit og innsyn i forvaltninga, slik at alle kan gjere seg kjend med kommunen si verksemd. Tilsette skal gje korrekt og tilstrekkeleg informasjon til andre styresmakter, selskap, organisasjonar og innbyggjarar. Øygarden kommune skal praktisere meiroffentlegheit og meirinnsyn.

Ein viser i denne samanheng til kommunen sitt medlemskap i Transparency International Norge.