Reglement for møte i folkevalde organ

13 Andre medverknadsorgan

Kommunane har plikt til å ha tre medverknadsorgan: Eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsetjing og ungdomsråd (i Øygarden kommune vert dette rådet kalla Ungdommens kommunestyre). Det går fram av kommunelova § 5-12 at det er kommunestyret sjølv som skal velja råda og råda er i kategorien andre kommunale organ etter § 5-2 med same regelverk som for folkevalde organ.

Det er kommunestyret som vedtar samansetjing av råda og kor mange medlemer og varamedlemer medverknadsorgana skal ha.

13.1 Eldrerådet

Eldrerådet skal representere dei eldre i kommunen og alle saker som gjeld eldre skal leggjast fram for rådet. Rådet kan og ta opp saker på eige initiativ. Føremålet med eldreråd er å sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld eldre.

Fleirtalet av medlemene i Eldrerådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år. Organisasjonar som representerer eldre har rett til å fremja forslag til medlemer i rådet.

Eldrerådet skal sjølv velje leiar og nestleiar.

Det skal leggast fram forslag til reglement i første møtet etter valet er gjennomført.

13.2 Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF)

Råd for personar med funksjonsnedsetjing skal representere personar med funksjonsnedsetjing i kommunen. Rådet skal sikre brei, open og tilgjengeleg medverking frå personar med funksjonsnedsetting. Rådet er rådgjevande organ for kommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som gjelder personar med funksjonsnedsetting.

Organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetjing har rett til å fremja forslag til medlemer til rådet.

Råd for personar med funksjonsnedsetjing skal sjølv velje leiar og nestleiar.

Det skal leggast fram forslag til reglement i første møtet etter valet er gjennomført.

13.3 Ungdomsrådet

Ungdomsrådet skal representere ungdommen i kommune. Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ i alle saker som gjeld ungdom og skal sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad i kommunale planlegging og vedtaksprosessar.

Organisasjonar som representerer ungdom har rett til å fremje forslag til medlemmer til Ungdomsrådet som representerer deira interesse.

Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år, og medlemmene skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.

Ungdomsrådet skal sjølv velje leiar og nestleiar.

Det skal leggast fram forslag til reglement i første møtet etter valet er gjennomført.