8 Folkevalde sin rett til innsyn
8.1 Rett til innsyn
Kommunelova § 11-13 gir folkevalde organ rett til utvida innsyn som strekk seg lengre enn det som føl av dei generelle reglane om innsyn i offentlegheitslova. Grunngjeving er mellom anna at folkevalde organ må kunne få kjennskap til alle opplysningar dei vurderer som relevante i saker dei skal behandla. Vidare har organa, og særleg kommunestyret, ein tilsynsfunksjon og rolle som øvste mynde i kommunen.
Alle kommunale saksdokument er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov, jf prinsippet om meir offentlegheit, offentlegheitslova § 2, med dei presiseringar som følgjer av reglane under. Sjekk denne. Korleis skal kommunestyre få slik informasjon system messig.
Formannskapet, utvala og andre folkevalde organ har rett til innsyn i saksdokument når desse gjeld dei delane av kommunen si verksemd som organet behandlar.
Kontrollutvalet har sjølvstendig innsyn i høve § 6 i eigen forskrift for kontrollutval.
8.2 Tidspunkt for rett til innsyn
Retten til innsyn tek til å gjelde når saka er framlagt/sendt til politisk behandling. Saman med saksframstillinga skal det følgje ei oversikt over alle dokument som er innsendte, innhenta eller utarbeidd i samband med saka, med unnatak av interne arbeidsdokument for administrasjonen.
For saker som skal avgjerast i administrasjonen gjeld retten til innsyn først når saka er ferdig behandla.
8.3 Særskilde reglar for innsyn i opplysningar undergjevne teieplikt m.m.
I utgangspunktet gjeld ikkje retten til innsyn opplysningar som er underlagde teieplikt. Kommunestyret og andre folkevalde organ kan likevel, ved fleirtalsvedtak, krevje innsyn i slike opplysningar når dette er nødvendig ved behandling av ei konkret sak i organet, jf. forvaltningslova §13 b, nr 2 og 4.
Folkevalde har teieplikt i høve til dokument som er underlagt teieplikt etter lov. Om ei sak vert behandla for stengde dører etter kommunelova § 11-5, pliktar dei folkevalde å teie om dei opplysningane som er underlagt teieplikt etter lov.
Medlemmer av folkevalde organ underskriv ei erklæring om teieplikt for kommunestyreperioden.
8.4 Framgangsmåte ved krav om innsyn - administrative rutinar
Førespurnad om innsyn i saksdokument skal behandlast straks. Førespurnaden skal rettast til postmottak@oygarden.kommune.no