6 Møteprotokoll
Det skal førast møtebok for møta i folkevalde organ, jf. kommunelova §11-4. I møteboka skal førast:
- Eventuelle merknader mot innkalling og sakliste
- Møtestad og møtetid
- Møtande medlemmer
- Meldte forfall
- Møtande varamedlemmer
- Saker nummerert i rekkefølgje for kalenderåret
- Kort tekst om kva kvar saka gjeld
- Det som er nødvendig for å vise gangen i behandlinga
- Endringsforslag til den einskilde sak bortsett frå dei som ikkje vert tekne opp til røysting
- Det som må til for å vise at vedtak vert gjort etter rett framgangsmåte
- Utvala sitt vedtak
- Røystetal og listemedlemskap.
Dersom nokon av medlemene eller møtande varamedlemer ikkje er til stades under heile møtet, skal tidspunkt for når dei kjem eller går fram av protokollen. Opplysningar om kven som får permisjon for resten eller deler av møtet og om kven som kjem til, må førast slik at det går fram av protokollen kven som var med på å behandle den einskilde saka.
Ein representant kan krevje å få innført merknad til ei sak i møteboka (protokollmerknad). Ein protokollmerknad gir høve for einskildrepresentantar til å gjere greie for eit avvikande syn i ein sak. Slik merknad må fremjast skriftleg som forslag i møteportalen.
Protokoll frå møtet vert sendt til utvalsmedlemmene saman med innkalling til påfølgjande møte. Merknader til møteboka kan fremjast under godkjenning av møteboka i påfølgjande møte.