1 Reglement for møte
1.1 Møteprinsipp
Når eit folkevalde organ fattar sine vedtak skal det skje i formelle møte, jf. Møteprinsippet som er nedfelt i |kommunelova § 11-2.
Det skal førast møtebok frå alle møte i folkevalde organ jf. Kommunelova § 11-4.
1.2 Opne/lukka møte
Møta i folkevalde organ vert haldne for opne dører dersom ikkje anna følgjer av lovpålagt teieplikt eller vedtak etter § 11-5 i kommunelova.
Når omsynet til personvern eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier det, kan eit folkevald organ vedta å behandle ei sak for lukka dører, jf. kommunelova § 11-5. Debatt om dette skjer for lukka dører dersom møteleiar krev det, eller det blir gjort vedtak om det.
Personalsaker skal alltid behandlast for lukka dører.
1.3 Teieplikt
Når det er vedteke at ei sak skal behandlast for stengde dører, har alle som er til stades i møtet, både representantane og kommunale tenestemenn, teieplikt om opplysningar som er «taushetsbelagt i lov eller i medhald av lov». Vedtak i saka er offentleg så langt ikkje anna lovheimel hindrar dette.
Teieplikta står ved lag til dess noko anna er fastsett eller grunnane for vedtaket om stengde dører har falle bort.
1.4 Møtetidpunkt
Kommunestyret held møte til dei tidspunkt kommunestyret sjølv fastset og elles når ordføraren finn det nødvendig eller minst 1/3 av kommunestyrerepresentantane krev det. Jf. kommunelova § 11-2.
Kommunestyret vedtek også møteplan for møta i formannskapet og utvala for eit år om gongen. Formannskapet og utvala kan i tillegg halde møte når ordførar/utvalsleiar eller formannskapet/utvala ved alminneleg fleirtal vedtek det.
Om ikkje særlege tilhøve tilseier det, skal alle møte i kommunestyret finne stad på torsdagar. Formannskapsmøta skal på same måten finne stad på tysdagar, og utvalsmøta i kommuneplanutvalet på tysdagar, levekårsutvalet på onsdagar, og plan og miljøutvalet på torsdagar.
Alle møta i kommunestyret skal starte kl. 0900. Formannskapet og utvala startar kl. 1400 på møtedagen. Alle møta skal, om ikkje særleg tilhøve krev noko anna, vere avslutta innan kl. 1900.
1.5 Fjernmøte
Politiske organ i kommunen har høve til å halde møte som fjernmøte når det er naudsynt, jf kommunelova § 11-7. Fysiske møte skal framleis vere hovudregelen når situasjonen tilseier det.