Reglement for møte i folkevalde organ

5 Saksordførar og utgreiingsnemnder

Kommunestyret, formannskapet og utvala kan etter behov opprette nemnder/utval til å utgreie nærare definerte oppgåver. Mandat og tidsramme for slike vert utforma i kvart einskild høve. Leiaren skal komme frå kommunestyret. Utgreiingsnemndene er tiltenkt viktige roller både med omsyn til deltaking og vitalisering av politisk arbeid. Nemndene/utvala vert lagt ned etter fullført oppdrag.

Utgreiingsnemnder/-utval kan nyttast

  • som opptakt til viktige politiske ordskifte 
  • som fora for deltaking og rekruttering 
  • prosjektarbeid/planarbeid 
  • større utgreiingar

Det vert presisert at slike nemnder/utval skal avgrensast til å gjelde oppgåver av sentral verdi for kommunen, og i høve der arbeidet kan vurderast som eit nyttig supplement til ordinært utgreiings- og utviklingsarbeid i administrasjonen.

I tillegg til kommunestyret kan formannskapet og utvala opprette arbeidsutval til å utgreie nærare definert oppgåver. Arbeidsutvala skal utgå frå medlemer i det organet som opprettar dei og ha minst tre medlemer.

Råda eller andre medverknadsorgan for ungdom kan og opprette arbeidsutval med medlemer som er valt blant desse.

I saker der ein skal opprette nemnder eller utval skal ein og oppnemne ein saksordførar som legg saka fram for kommunestyret. Saksordførar kan t.d. vere leiar for nemnda/utvalet. Saksordførar skal fremje fleirtalsforslaget, og også leggje fram mindretalet sitt syn. Det kan og oppnemnast saksordførar for større saker som i hovudsak er utgreidd av administrasjonen, men som undervegs har vore drøfta i politiske utval. Føresetnaden må vere at saksordførar er kommunestyrerepresentant.