7 Særskilde reglar
7.1 Lovlegkontroll
Tre eller fleire av kommunestyret sine representantar kan saman bringe ei avgjerd gjort av eit folkevald organ eller av den kommunale administrasjon, inn for departementet til lovlegkontroll. Krav om slik kontroll må fremjast innan 3 veker frå vedtak er gjort, jf. kommunelova § 27-1
7.2 Forvaltningsklage
Partar i ei sak skal få informasjon om retten til å klage på eit vedtak samstundes med møteutskrift (vedtaksbrev) av saka. Klagebehandlinga føregår i samsvar med retningslinjer og fristar fastsett i forvaltningslova, kommunelova og i særlover.
7.3 Krav om å tas opp att ei sak som er avgjort
Utvala, eller andre organ med direkte forslagsrett til kommunestyret, kan avvise krav om ny drøfting av saker som er lovleg avgjorde av det same kommunestyret, dersom kravet kjem før det er gått 3 månader frå den dagen kommunestyret gjorde endeleg vedtak i saka. Dette gjeld ikkje dersom krav om ny drøfting av saka kjem frå Fylkesmannen, eit departement, eller saker som vert fremja etter § 11-2 i kommunelova.