Retningsliner hat og truslar folkevalde

1 Bakgrunn

Hets og truslar mot lokale folkevalde aukar, og er ein fare for demokratiet. Mange folkevalde opplever hatefulle ytringar eller konkrete truslar, og dette kan medføre at dei folkevalde utøver sjølvsensur, unnlatar å ta ordet i betente saker, eller held seg unna bestemte saksfelt. Dette kan medføre at folkevalde sin ytringsfridom i praksis vert avgrensa.

Ytringsfridomen står sterkt i Norge. Nokon ytringar vil likevel kunne vere så hatefulle eller truande at dei vert ramma av straffelova.

Hets og truslar mot folkevalde kjem både via sosiale media, direkte retta mot enkeltpersonar, deira familiar eller deira eigedom. Politiet bør kontaktast for å vurdere om dette kan vere straffbare handlingar, og om det kan vere behov for vernetiltak. Det bør vere låg terskel for å dele informasjon med politiet. Informasjonen kan ha etterretnings messig betydning sjølv om den ikkje fører til formell anmeldelse med påtalebegjæring.

Alvorlege trugsmål og fysisk vald skal alltid anmeldast.

Denne rutina viser i ei kortfatta form kor og korleis den enkelte folkevalde kan varsle for å få hjelp. Hjelp både for å få avverja og/eller stoppa pågåande utrivelegheiter og hendingar, men også kor og korleis det er hjelp å få for å be arbeide opplevingar i etterkant.

Det er også lagt til retningsliner for å hjelpe folkevalde til å førebu seg før ei hending, korleis ein kan opptre viss ei hending inntreff og korleis ein skal handtera hendinga i etterkant.