Slik kan du påverke politisk

Er du oppteken av ei sak eller eit tema, kan du fremja eit innbyggjarforslag. Slik kan du setja nye saker på den politiske dagsorden i Øygarden kommune. Innbyggjarforslag er eit verkemiddel for å fremje nye saker, ikkje for å ta avgjorte saker opp på nytt. Dersom du fremjer eit forslag, er kommunestyret forplikta til å behandla det innan seks månader.

Kva er eit innbyggjarforslag?

Innbyggjarane i Øygarden kommune kan krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret, forutsett at visse minimumsvilkår er oppfylt.

Forslaget kan fremjast elektronisk ved å nytta nettportalen misak.no. Her fremjer ein forslag og samlar underskrifter. Ein kan også senda inn forslag med vanleg postgang.

Kommunestyret har plikt til å ta stilling til forslaget.

Framsetjing av forslag

Behandling og oppfølging av forslag

Klage

Forslag som er fremja etter reglane for innbyggjarinitiativ og som vert nedstemt av kommunestyret kan ikkje påklagast med mindre dette følgjer av andre reglar, for eksempel forvaltningslova sin regler om klage over enkeltvedtak.

Meir informasjon om innbyggjarforslag