Ordførarkjedet

Ordførarkjedet til Øygarden kommune vart laga ved oppstart av den nye kommunen i 01.01.2020. Kjedet vert berre brukt av ordførar og ved offisielle anledningar.

Tradisjonen med at ein ordførar ber eit dekorativt ordførarkjede som synleg teikn på sin autoritet når han/ho representerer kommunen, er av nyare tid. Oslo sitt ordførarkjede var Norge sitt første. Kjedet vart gitt i gåve frå alle partia i bystyret i samband med byen sitt 900-årsjubileum i 1950.

Utforming

Øygarden sitt ordførarkjede er designa og utarbeidd av Tom Jørgensen Design AS. Tom Jørgensen er ein lokal gullsmed som driv med både design og reparasjon av ulike typar smykke.


Ordførarkjedet er utarbeidd i Sterlingsølv 925. Kommunevåpenet er i blå emalje og alle ledd er i båtprofil som skal symbolisere kystkulturen. Kvart ledd har eit motiv som er kjent frå kommunen innan kultur, natur og næring. Mellomledda er utforma med 3 radar bølgjer som skal symbolisere dei 3 kommunane som har slått seg saman og bølgjene i havet som alltid er i bevegelse.

Bruk av ordførarkjedet

Det er ikkje utarbeid standardregler for bruk av ordførarkjede i Norge, så måten kjedet vert brukt på varierer frå kommune til kommune. Ein del kommunar har utarbeidd eige reglement for bruk av kjedet. Øygarden kommune har ikkje eit slikt reglement.

Det er vanleg at ordførarkjedet vert brukt ved desse høva:

  • Mottaking i kommunal regi
  • Middagar og andre tilstellingar der kommunen er vertskap
  • Innviing av offentlige anlegg når ordføraren står for innviinga
  • Opning av større møte, kongressar og liknande der ordføreren representerer kommunen
  • Overrekking av utmerkingar
  • Besøk av kongelege gjestar

Det er ein uskriven regel å berre bruke kjedet internt i eigen kommune. Skal kjedet nyttast i ein anna kommune, vert dette som regel avtalt med den aktuelle kommunen på førehand. I enkelte kommunar blir ordførarkjedet også brukt i møter i kommunestyret, men dette vert ikkje gjort i Øygarden.