Utvalsleiarar

Her finn du utvalsleiarane i Øygarden kommune.

Levekårsutvalet (LKU)

Leiar for Levekårsutvalet Ernst Morten Einarsen - Klikk for stort bilete

Leiar Ernst Morten Einarsen (H)
Telefon: 959 13 088
E-post: ernst@sartorholding.no

Nestleiar Helge Nilsen (KrF)
Telefon: 476 50 658
E-post: helgnils@online.no

Levekårsutvalet skal arbeida med:

Levekårsutvalet (LKU) skal på vegne av kommunestyret følga opp den kommunale drifta og tenestetilbodet for å sikra godt og heilskapleg tilbod til innbyggarane. Ansvarsområdet omfattar tenestene i kommunalsjefsområda Oppvekst og Helse og Velferd, samt fagområda kultur og service. 

Kommuneplanutvalet (KPU)

Leiar for Kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen - Klikk for stort bilete

Leiar Svein Otto Jacobsen (FrP)
Telefon: 936 38 223
E-post: svein.jacobsen@Oygarden.kommune.no

Nestleiar: Beate Bjelland (H)
Telefon: 415 03 669
E-post: beate@beamor.no

Kommuneplanutvalet skal arbeida med:

Utvalet skal på vegne av kommunestyret følga opp og førebu nye revisjonar av areal- og samfunnsdelen til kommuneplanen og rullering av planstrategien. Som del av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen gjeld også handtering av overordna temaplanar knytt til arealbruk, som til dømes strandsoneplan. Fagspesifikke tema- og handlingsplanar, som til dømes helse og omsorgsplan eller bustadplan, blir handtert i respektive fagutval. Kommuneplanutvalet skal fungera som eit arbeidsutval for kommunestyret og førebu saker med innstilling til kommunestyret. 

Plan- og miljøutvalet (PMU)

Leiar for Plan- og miljøutvalet Børge Haugetun - Klikk for stort bilete

Leiar Børge Haugetun (Sotralista-TVØ)
Telefon: 950 73 753
E-post: borge_haugetun@hotmail.com

Nestleiar: Michael Sangolt (H)
Telefon: 415 76 655
E-post: msangolt@gmail.com

Plan- og miljøutvalet skal arbeida med:

Plan- og miljøutvalet (PMU) skal på vegne av kommunestyret følga opp arbeidet med kommunedelplanar, reguleringsplanar, bygge- og delingssaker, eigedom, samferdsel, miljøforvaltning, stads- og byutvikling og arbeidet med berekraftsmåla. 

Kontrollutvalet (KU)

Leiar av Kontrollutvalet Stian Oen - Klikk for stort bilete

Leiar Stian Oen
Telefon: 905 76 904
E-post: stian.oen@hotmail.no

Nesleiar Inge Kausland 
Telefon: 924 26 262
E-post: utariks@hotmail.com

Kontrollutvalet skal arbeida med:

Kontrollutvalet skal føra kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, medrekna å sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.