Eldrerådet

Eldrerådet (ER) er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan, og skal vege opp for at eldre ofte er underrepresenterte i folkevalde organ. Formålet er å sikre at synspunkt frå eldre vert ivareteke i kommunale avgjersler.

Eldrerådet sitt ansvarsområde

Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem eldre. Det vil seie at rådet har rett til å uttale seg, både på eige initiativ og i saker dei får tildelt, og desse uttalane skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene.

Saker som vedkjem eldre famnar bredt, og kan til dømes vere (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar budsjett, plan, samferdsel, helse og omsorg, og kultur og friluftsliv.

Eldrerådet - samansetjing

Eldrerådet har 9 medlemmer der 6 er frå organisasjonar som representerer eldre, medan 3 er politiske representantar.

Møteplan

Her finn du oversikt over møta i eldrerådet med sakspapir.

Medlemmer

Her finn du oversikt over representantar i eldrerådet med kontaktinformasjon.

Har du innspel til eldrerådet?

Eldrerådet skal representere alle eldre i kommunen og ønskjer å bidra til at det er stor openheit om, og lett tilgang til eldrerådet sine møte.

Organisasjonar og innbyggjarar som har innspel, tips eller ynskje om saker til eldrerådet, kan anten sjølv møta opp i eldrerådet for å legga fram sine innspel, eller senda desse skriftleg til kommunen per post eller e-post. Det er fint å få innspel i forkant, slik at rådet kan vera førebudd.

Politisk sekretariat kan kontaktast for dei som har innspel til møta på e-post eller telefon:

Reglement

Rettleiar

Rettleiar for eldreråd (Regjeringen.no)

Eldrerådet - Klikk for stort bileteEldrerådet 2023 - 2027

Brosjyre

Her kan du lesa/skrive ut brosjyre for Eldrerådet (PDF, 2 MB)