Koordineringsutvalet (KDU)

Koordineringsutvalet har som oppgåve å planlegga og førebu møter i folkevalde organ. Dette handlar blant anna om å planlegga og samordna aktuelle plan- og utgreiingsprosessar på tvers av ansvarsområda til utvala, og avklara nødvendig sakshandling i ulike saker.

KDU har ikkje høve til å fatta vedtak eller avgjersler i politiske saker. Politisk initierte saker skal som hovudregel komma gjennom vedtak i fagutvala. Koordineringsutvalet kan likevel be administrasjonen utgreia saker for behandling i dei andre folkevalde organa.

Kva saker kjem til behandling i styre, råd og utval? - Liste over saker til møta

Til møta i KDU vert det lagt fram ei liste over saker som kjem til behandling i utvala framover. 
Denne lista vert lagt som vedlegg til kvart møte. 

Møteplan

Her finn du oversikt over møte i koordineringsutvalet, sakspapir, leiar og representantar med kontaktinformasjon.

Medlemmer

Ordførar, varaordførar, leiar for hovudutvala, kommunedirektør og kommunalsjefar i er medlemmer (11) i utvalet.
Her finn du oversikt over representantar med kontaktinformasjon.