Råd for personar med funksjonsnedsetjing

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan. Formålet er å sikre at synspunkta og behova til personar med funksjonsnedsetjing vert synleggjort og ivareteke i kommunale avgjersler.

Rådet sitt ansvarsområde

Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne. Det vil seie at rådet har rett til å uttale seg, både på eige initiativ og i saker dei får tildelt, og desse uttalane skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene.

Særskild aktuelle saker for råd for personar med funksjonsnedsetjing er saker relatert til likestilling, likeverdig tilgang til kommunale tenester, og universell utforforming. Slike saker kan til dømes vere innan (men er ikkje avgrensa til) saker som omhandlar plan, barnehage, skule og utdanning, helse og omsorg, transport, og kultur og fritid.

Samansetjing

Råd for personar med funksjonsnedsetjing har 9 medlemmer der 6 er frå organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetjing, medan 3 er politiske representantar.

Møteplan og sakspapir

Her finn du oversikt over møte i råd for personar med funksjonsnedsetjing med sakspapir. 

Medlemmer

Her finn du oversikt over representantar i rådet med kontaktinformasjon.

Reglement

Rettleiar

Rettleiar for råd for personar for nedsett funksjonsnedsetjing (Bufdir)

Råd for personar med funksjonsnedsetjing - Klikk for stort bileteRåd for personar med funksjonsnedsetjing