Instruks for val av representantar til selskap kommunen har eigarskap i

5 Kva seier kommunen si eigarskapsmelding

I den vedtekne Eigarskapsmelding for Øygarden kommune er styreverv omtala slik: 

"9. Sikra god kompetanse og samansetning i styre 
Øygarden kommune skal gjennom eigarorgana sikra at den samla kompetansen i styra er tilpassa føremål og verksemda til selskapa. Styret skal spegla og representera behovet i selskapet, og bør ha ulik og supplerande kompetanse innanfor økonomi, organisasjon, fagleg
innsikt og god kjennskap til føremålet med selskapet.

10. Sikra god rolleforståing i styreverv 
Styreverv i selskap er eit personleg verv. Medlem av styrer representerer berre seg sjølve og ikkje nokon av eigarane, og skal ivareta interessa til selskapet til beste for eigar/eigarane. Det betyr at sjølv om styremedlem er folkevalde, skal dei ikkje representera verken politiske parti, kommunen eller andre interesser, men ivareta selskapet sine interesser på best mogleg måte.

11. Sentrale folkevalde kan som hovudregel ikkje veljast inn i styret i kommunalt eigde selskap 
Formannskapet har ei aktiv rolle i eigarstyring i kommunen, og handterer saker knytt til eigarskapet i kommunen. For å unngå at det oppstår potensielle rollekonfliktar og habilitetsspørsmål når kommunen skal behandla ei sak der selskapet er part, kan sentrale folkevalde som hovudregel ikkje veljast til styremedlem eller varamedlem i kommunalt eigde selskap. Sentrale folkevalde er i dette høvet definert til å vera medlem i formannskapet.

12. Sentrale leiarar kan som hovudregel ikkje veljast inn i styret i kommunalt eigde selskap 
For å unngå potensielle rollekonfliktar og inhabilitet kan som hovudregel ikkje sentrale tilsette veljast til styremedlem eller varamedlem i kommunalt eigde selskap. Sentrale tilsette vert i dette høve definert til å vera kommunedirektøren og kommunalsjefar. Dette gjeld likevel ikkje oppgåvefellesskap eller andre samarbeidsformer som er administrativt koordinert, og der formelle avklaringar og prinsipp skal til politisk behandling. "